Så har eg teke steget ut i denne verda og skal prøve å gjere meg kjent her..

Ser at her kan det bli mykje prøving og feiling, som elles i livet.

onsdag 23. februar 2011

Blogge eg?

Kva i all verda er det eg har kasta meg ut i no? Kan dette vere noko for meg? Skrive har eg alltid gjort, men spørst om eg har noko å skrive som er er interessant for andre enn meg sjølv.

Passerte 50 for tre dagar sidan og hadde ei magisk helg!
Eg visste noko var i gjere, men ikkje kva. Hadde fått vite at noko skulle skje på laurdag. Laurdags morgonen fekk eg beskjed om berre å slappe av, kjærasten og jentene mine hadde alt under kontroll og eg blei sendt på badet for å gjere meg i stand. Eg fekk beskjed om å bruke god tid :-)
Dei hadde ordna åpent hus her heile laurdagen. Det strøyma på med folk eg er glad i. Dronningkjensla var ikkje vanskeleg å kjenne og det kjentest slett ikkje verst å fylle 50 år.
Faktisk hadde eg grua meg litt til det, men dei kjære rundt meg visste korleis dei skulle gjere denne dagen enkel, fin og magisk for meg.
Eg trivst best i uformelle settingar og det greidde dei skape for meg denne dagen.
Bølgja av glede har ridd meg desse dagane etterpå!

Dette var første innlegg, så får eg tenkje ut korleis eg skal blogge framover og kva eg skal blogge om. Tenkjer det må bli om smått og stort i verda mi, det er det eg kjenner best til.